Om nettsida

Denne nettsida inneheld informasjon innan elektrifisering og ladeteknologi frå forskingsgruppa Elektromekaniske systemer ved Institutt for elektroteknologi, UiT i Narvik.

Bakgrunn

Denne nettsida og forskingsaktiviteten innan ladeteknologi har bakgrunn i projektet “Ladeteknologi for elektrifisert framdrift av maritime fartøy og luftfart”, som var er eit strategisk kompetanseprosjekt finansiert av ARC.  Dette er eit område som har stor utvikling, både inna forsking og utvikling. Elektrisk framdrift tar over for fossilt brensel i stadig større deler av samfunnet. Ved å erstatta drivstofftanken med batteri, kan fornybar energi nyttast i transportsektoren.

Elbilen er den som har hatt størst framgang, men den maritime sektoren er også på full fart over til batteridrift. I Norge er det allereie bilferjer, passasjerbåtar og mindre nyttefartøy i drift basert på batteri som energilager. Innan luftfart er elektrisk framdrift foreløpig avgrensa til små to-seters fly, men utviklinga går fort og bruk av elfly til passasjertransport i det norske kortbanenettet blir allereie diskutert.

Alle desse fartøya er avhengig av ein eller anna form for ladeteknologi. For elbilar og større maritime fartøy, er dette godt etablert i internasjonale standarar. For mindre maritime fartøy og luftfart, er dette fortsatt eit opent område.

Aktiviteten bygger på den erfaringa UiT har fått gjennom samarbeidet med GMV om verdas første heilelektriske arbeidsbåt for oppdrettsnæringa (GMV Zero), samt innkjøp av elfly til utdanninga ved UTSA (University of Tromsø School of Aviation).

Comments are closed.