Ni vitskaplege assistentar i arbeid

Bak frå venstre: Suraj, Jonas, Simon, Shamraiz, Abdalla. Framme frå venstre: Jeewan Yousuf. Ikkje tilstades: Hafeez og Henrik.

Ladeteknologi er eit tema som er i vinden, også for studentane. Når prosjektet annonserte ledige stillingar som vitskaplege assistent i sommar, var interessa og responsen stor frå studentane si side. Der det i utgangspunktet var lagt opp til 1-2 studentar, var det bestemt å tilsette ni studentar i kvar sin to-vekers stilling som vitskapleg assistent. Åtta av studentane tilhøyrer linja Master i elektroteknikk, mens ein kjem frå Master innan Satellittteknologi (nylig skifta namn til Aerospace), alle frå UiT i Narvik.

I løpet av to veker blir det utført arbeid tilsvarande nesten eit halvt årsverk innan ladeteknologi retta mot maritime fartøy og luftfart. Kvar enkelt student har fått tildelt eit tema, som i etterkant blir presentert med artikkel på ladeteknologi.no, samt i prosjektet sin sluttrapport.

Tilsette studentar med tilhøyrande tema er:

  • Abdalla Alaaeldin Mahmoud abdellatif – Electric aircraft – Status and future developments
  • Hafeez Abolade Omosanya – The use of electric vehicle fast charging technology for boats
  • Henrik Fjeld Nilsen – Different topologies in the interface between boat and land
  • Jonas Nystad – Automatic grid monitoring and diagnostic
  • Shamraiz Khan – Small electric boats and their influence on the grid
  • Simon Fjellström Jensen – Literature review of charging solutions for electric ferries
  • Suraj Timilsina – Alternatives for wired shore connection for charging
  • Yousuf Adeel – Small scale wireless (inductive) charging for a model boat

 

Comments are closed.