Søringkuka og forbanna mannskit

Dokker får unnskylde språkbruken, men han er i teneste for faget, også når eg siterer språkbrukaren som på Facebook kallar norske folkevalde «Søringkuka». Han meiner sjølv han ikkje treng å utdjupe det, for «det dekke vel det meste». Ein annan skriv om dei same politikarane: «Hut dem på havet». Ein tredje omtalar kan hende avgjerdene meir enn politikarane når han uttrykkjer «Forbanna mannskit bekkola».

Her flyg kjerna i saka, eit av dei militære Orion-flya som er stasjonerte på Andøya. (Foto: Roy Samuelsen)

Desse tre ytringane er frå den same kommentartråden på eit innlegg i Facebook-gruppa «Bevar Andøya Flystasjon» tysdag 8. november 2016. Det er ikkje ofte riksmedium vier spalter, klikk og sendetid til den vesle kommunen Andøy i Nordland. Denne tysdagen gjorde dei nettopp det. Då vart fleirtalet på Stortinget samde om den neste langtidsplanen for Forsvaret, inkludert å legge ned flybasen med om lag 300 arbeidsplassar på kommunesenteret Andenes. Debatten har gått høgt, både før og etter denne avgjerda, ikkje minst mellom dei 26 366 medlemane i Facebook-gruppa «Bevar Andøya Flystasjon».

Ein treng slett ikkje vere einige om forsvarspolitikk for å kunne sjå at desse uttrykker eit stort engasjement. Bannskapen er berre eit av teikna på at det ligg sterke kjensler bak, dialekten i skriftspråket fortel om det same. Liv Ragnhild Evjen har undersøkt språket i debattforum som er knytt til norske nettaviser. I mastergradsoppgåva hennar legg ho vekt på personleg engasjement som ein dialektfremmande faktor, og ho skriv at «emosjonelt innhald [kan] vere ei medvirkande årsak til at ein skriv på dialekt».

Evjen har delt materialet sitt inn i sju ulike kategoriar.

For å utdjupe omgrepet «emosjonelt innhald» kan vi samanfatte forskinga til Evjen med at nokre tema i nettavisa skapar ein meir engasjert, og dermed meir dialektprega, debatt i kommentarfelta enn andre tema. Evjen har i sitt materiale funne at bil og trafikk er det emnet som ser ut til å få språkbrukarane til å bruke dialekt oftast, nærmare bestemt i 11,91 prosent av innlegga i materialet hennar. Nedst på lista står politikk. Her er berre 3,65 prosent av innlegga på dialekt. Ikkje veldig mykje høgare skårar samlekategorien nyheiter; i denne kategorien er 5,68 prosent av innlegga på dialekt.

Evjen definerer ikkje emnekategoriane nærmare, men det første innlegget i Facebook-gruppa «Bevar Andøya Flystasjon» etter at avgjerda i Stortinget vart kjent, kan vanskeleg plasserast i andre av kategoriane hennar enn politikk eller nyheiter. I dette innlegget deler ein av medlemane ein artikkel frå avisa Bladet Vesterålen som fortel nyheita, medan han skriv: «Forhandlingene er over. Beklager å måtte fortelle dette.», og så kjem det til saman 190 kommentarar på innlegget. Ordbruken om «søringkuka» og «forbanna mannskit» er ikkje unike i kommentartråden. Om eg brukar dei same kriteria som Evjen for kva ein kan rekna som eit dialektinnlegg, finn eg at 12,6 av kommentarane etter dette innlegget er skrivne på dialekt.

Dette punktnedslaget i debatten i Facebook-gruppa «Bevar Andøya Flystasjon» kan sjølvsagt vere unntaket frå mønsteret Evjen har funne i forskinga si. Ytterlegare eit punktnedslag i Facebook-gruppa viser likevel den same tendensen. Etter innlegget der ein av gruppemedlemane krev gransking av tala i Langtidsplanen for Forsvaret, er 10,75 prosent av dei 372 kommentarane skrivne på dialekt.

Sjølv om det handlar om politikk, er det i det eine innlegget fleire kommentarar på dialekt enn for nokre av kategoriane Evjen har delt sitt materiale inn i. Det andre innlegget eg har undersøkt, skriv seg inn etter nummer tre på lista til Evjen, like etter dei populære kategoriane bil og trafikk og kriminalitet. Vi ser altså at kategoriane til Evjen ikkje held i møte med den digitale diskusjonen om Andøya flystasjon, og det kan vere interessant å drøfte korfor.

Eg ser fleire moglegheiter for at Evjen i studien sin sjølv har gjeve svara på denne undringa. Evjen presiserer at det nettspråket ho har studert, har vorte skapt i ein asynkron samtalesituasjon, der kommunikasjonen ikkje går for seg i reell tid. Definisjonen på ein synkron samtalesituasjon er at innlegga blir lesne når dei blir produserte. Definisjonen passar sjølvsagd ikkje heilt på innlegga eg har beskrive frå gruppa «Bevar Andøya Flystasjon», men loggen for debatten gjev haldepunkt for å seie at samtalen i denne gruppa, i alle fall i desse to høva, ligg nærmare ein synkron samtalesituasjon enn materialet Evjen har teke utgangspunkt i. I innlegget med 190 kommentarar, er litt meir enn halvparten av kommentarane publiserte den første timen etter innlegget. Berre fem av dei 190 kommentarane er skrivne meir enn eit døgn etter det første innlegget. Det er nærliggande å tenkje seg at det påverkar språket om ein veit at nokon les og kan svare på ytringa med det same eller like etter at ho vert publisert.

I ein samtalesituasjon som meir liknar den synkrone enn den asynkrone, kjem altså det førestilte publikum nærmare. Omgrepet har eg omsett frå artikkelen I tweet honestly, I tweet passionately: Twitter users, context collapse, and the imagined audience av Alice Marwick og danah boyd. Sjølv om Facebook-gruppa «Bevar Andøya Flystasjon» har fleire enn 26 000 medlemar, er dei samla om ei felles sak. Det er difor grunn til å tru at dei sosiale banda er sterkare, og at språkbrukarane i gruppedialogen med dialekten ønskjer å vise samhald og tilhøyrsel med resten av det førestilte publikum. Evjen er sjølv inne på det same når ho skriv at dialekten kan ha symbolverdi og hjelpe debattantane å vise kva for bakgrunn dei har. Vi har kan hende her eit godt døme på at teorien til Marvick og boyd om symbolsk interaksjonisme gjeld for meir enn Twitter som digital plattform. Symbolsk interaksjonisme er mi eiga omsetjing av omgrepet «symbolic interactionism». Det beskriv korleis identiteten vår stadig vert forma og uttrykt i interaksjon med andre, ikkje minst språkleg.

Sosiolingvistikken seier at språket vert mindre formelt når språkbrukarane er engasjerte i det dei snakkar om. Forskinga til Evjen er ikkje i konflikt med desse hypotesane. Kan hende antyder likevel mine punktnedslag i Facebook-gruppa «Bevar Andøya Flystasjon» at emnekategoriane til Evjen ikkje er det beste verktøyet vi kan bruke for å forklare engasjementet. Eg trur nærleiken kan bety like mykje. I dette høvet kan vi forstå nærleik på fleire måtar. For det første som tida mellom ytringane, for det andre som nærleik mellom ytringa og viktige milepålar i saka debatten handlar om. Ikkje minst trur eg reell, eller for ein periode, følt, nærleik mellom språkbrukarane påverkar bruk av dialekt.

Så, kva interesse har det eigentleg, korfor og korleis ein uttrykkjer seg om politikk i sosiale medium? Svaret på det er at det så langt har hatt for lite interesse, etter mitt syn. I boka Liker, liker ikke. #sosiale medier, samfunnsengasjement og offentlighet skriv Bernard Enjolras, Rune Karlsen, Kari Steen-Johnsen og Dag Wollebæk at dei «forventer at sosiale medier vil bli en stadig viktigere og mer integrert del av samfunnspolitisk engasjement framover». Etter at dei skreiv dette, har mellom anna Susanne Kaluza gjeve dei rett med å nytte sosiale medier i kampen mot reservasjonsretten for legar til å henvise til abort. Eit nyare døme er oppgjeret som skodespelaren Kristoffer Joner hadde med innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug på Facebook. Anten ein har politikk eller språk som forskingsfelt, held ein seg med ein farleg stor blindsone om ein ikkje studerer sosiale medium som språkbruksarena om ein er språkforskar, og som offentlegheit om ein studerer politikk og samfunn.

Faren med blindsonar er at du kan verte råka av noko stort og tungt, om du ikkje ser kva som rører seg i det ukjente feltet. Verken tradisjonelle medium, økonomar og valforskarar evna å sjå Brexit og Trump før begge deler var eit faktum. Hadde nokon sjekka blindsonen?

 

You may also like...

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *