Kurateringsstatustaggar kan saman med dei automatisk handterte taggane brukast for å indikera ulike kurateringsstatusar til datasett. Oversikta i tabellen nedanfor viser moglege kurateringsstatusar eit datasett kan ha i DataverseNO. Statusane er nummererte for å gjera det lettare å referera til dei. Nummereringa inneber ikkje at det er ei strengt kronologisk rekkjefølgje mellom alle statusane. Eitt og same datasett treng ikkje nødvendigvis å gå innom alle statusane. Kurateringsstatustaggar kan berre brukast på datasettutkast. Det er berre mogleg å ha éin aktiv kurateringsstatustagg. Dersom det ligg ein kurateringsstatustagg på datasettutkastet frå før, så vil den bli fjerna når ein legg på ein ny tagg. Når eit utkast blir publisert, blir kurateringsstatustaggen automatisk fjerna. Kolonnen Kuratorhandling beskriv kva kuratoren må gjera for å handtera dei manuelle kurateringsstatustaggane. Kurateringsstatustaggar er ikkje synlege for deponentar.
Slik legg du på eller endrar ein kurateringsstatustagg: Når du er på landingssida til eit datasettutkast, klikk på Publish Dataset, vel Change Curation Status, og så klikk på ein av statusane. For å fjerna ein tagg utan å leggja på ein ny, klikk på Publish Dataset, vel Change Curation Status, og så klikk på Remove Current Status.
Kolonnane til høgre for kolonnen Kurateringsstatustagg i tabellen nedanfor inneheld søkjelenkjer til oversikter over datasett med den aktuelle statusen i dei ulike institusjonssamlingane. For å få opp ei oversikt over slike datasett på din institusjon må du vera logga inn som kurator i institusjonssamlinga di.
