UiT satsar på påliteleg og framtidsretta infrastruktur og støttetenester for forskingsdata

UiT Noregs arktiske universitet er med i to prosjektkonsortium som nettopp har nådd opp i konkurransen om midlar til to EU-prosjekt. Begge prosjekta er leidde av CSC – IT Center for Science i Finland og handlar om å vidareutvikla European Open Science Cloud (EOSC).

Prosjektet FIDELIS – A European Network of Trustworthy Digital Repositories har som mål å etablera eit europeisk nettverk av pålitelege arkiv for forskingsdata og andre digitale forskingsobjekt. Utlysinga prosjektet får midlar ifrå, har sitt utspring i et strateginotat som sentrale aktørar publiserte i 2022. Prosjektet er eit samarbeid mellom 24 institusjonar frå heile Europa.

Prosjektet EDEN – Enhancing Digital Preservation Strategies at European and National Level skal utvikla og etablera eit rammeverk for å identifisera kva data som er kandidatar for langsiktig bevaring, basert på bruk, nytte og kvalitet, og ein modell for revurdering av data etter arkivering. Utlysinga av desse midlane er ei oppfølging av tilrådingane frå EOSC Long-Term Data Preservation Task Force. Det er til saman 16 institusjonar frå fleire land i Europa som skal samarbeida i dette prosjektet.

Begge prosjekta skal vara i tre år og har planlagd oppstart i januar 2025. UiT er representert i dei to prosjekta gjennom miljøet rundt DataverseNO og TROLLingUniversitetsbiblioteket (UB).

DataverseNO er eit nasjonalt, generisk arkiv for forskingsdata som blei lansert i 2017, og er i dag eit samarbeid mellom 16 partnarinstitusjonar. Vi har heilt sidan starten vore opptekne av å byggja opp og drifta eit påliteleg dataarkiv for forskarar frå norske forskingsinstitusjonar uavhengig av fag og datatypar, og i tråd med internasjonale krav og tilrådingar for god datahandtering, som t.d. dei etter kvart veletablerte FAIR-prinsippa. Som ei av dei første nasjonale tenestene i verda blei DataverseNO i 2020 CoreTrustSeal-sertifisert som påliteleg dataarkiv, og vi er no – noko forseinka – i gang med å fornya denne sertifiseringa.

TROLLing er eit fagspesifikt arkiv for forskingsdata frå lingvistikk og språkfag. Arkivet blei lansert i 2014 og er gjennom den nasjonale CLARINO-noden ein del av den europeiske CLARIN-infrastrukturen.

Begge arkiva er forvalta av UB i samarbeid med Avdeling for IT (ITA), og – når det gjeld TROLLing –  Institutt for språk og kultur (ISK) på HSL-fakultetet ved UiT. Forankra i Eallju – Drivkraft i nord: UiTs strategi mot 2030 er dei to arkiva er eit viktig ledd i UiT sitt strategiske arbeid med å fremja open vitskap og utvikla feltet i nært samarbeid med nasjonale og internasjonale partnarar.

Fleire som er involverte i forvaltninga av DataverseNO og TROLLing, har vore aktive i internasjonale miljø og nettverk som jobbar med infrastruktur og støttetenester for forskingsdatahandtering, t.d. CLARIN, Global Dataverse Community Consortium (GDCC) og Research Data Alliance (RDA).

Miljøet rundt DataverseNO har også teke initiativ til eit nasjonalt kuratornettverk for FAIR forskingsdata, som vil vera eit viktig tiltak for å løfta den nasjonale kompetansen på feltet på tvers av institusjonar og støttetenester, og som vil vera eit viktig element i eit framtidig EOSC-kompetansesenter og den framtidige nasjonale EOSC-noden.

Vi håpar at erfaringane våre med utvikling og forvaltning av arkivtenester og nettverk knytte til forskingsdatahandtering vil kunna bidra positivt til dei to nye EU-prosjekta. Samtidig er vi overtydde om at prosjektdeltakinga vår vil heva kompetansen på feltet på UiT, og vil vera positiv for den vidare utviklinga av dei to arkivtenestene våre. Det gjeld særleg den vidare integreringa av tenestene våre med EOSC. Det overordna målet vårt er alltid å kunna tilby gode støttetenester til forskarane våre og på den måten bidra til at dei kan hevda seg både nasjonalt og internasjonalt.

Vi er glade for å vera ein del av dei to prosjektkonsortia og ser fram til eit godt og lærerikt samarbeid.

 

Kontaktperson:
Philipp Conzett
E-post: philipp.conzett@uit.no