Revider dataa dine (versjonering)

Dersom det er nødvendig, kan du endra på metadata og/eller datafilene også etter at datasettet er publisert. Då blir det oppretta ein ny versjon av datasettet. Kvar ny versjon må godkjennast av ein kurator frå samlinga di. Derfor må du hugsa på å senda den nye versjonen inn til vurdering («Submit for Review»). Tidlegare versjonar blir ikkje sletta, men er alltid tilgjengelege i arkivet.

NB! Det er IKKJE mogleg å sletta eit datasett som er publisert. I visse tilfelle er det mogleg å fjerna tilgangen til filene i eit datasett, men informasjonen om datasettet (forfattar, tittel, beskrivelse osb.) vil framleis vera synleg. Dersom du ønskjer å fjerna tilgang til filene i eit publisert datasett, ta kontakt med brukarstøtta på institusjonen din.