Dersom eit datasettutkast skal inngå i dobbelt-blind fagfellevurdering («double-blind peer review»), dvs. at både forfattar og fagfellar er anonyme, så kan ikkje forskar dela datasettet slik det er med redaktør, fordi namnet på deponent dukkar opp i versjonskontrollen (sjå Version-fana). I slike tilfelle lagar kurator ein anonymisert versjon av datasettutkastet etter oppskrifta nedanfor.
- Kurator kuraterer ferdig datasettutkastet som vanleg, men utan å publisera det.
- Når datasettutkastet er klart for publisering, opprettar kurator eit nytt, identisk, men anonymisert datasettutkast i ei samling som er dedikert til datasett som er del av dobbelt-blind fagfellevurdering.
- For å få tilgang til denne samlinga send ein e-post til support@dataverse.noog be om brukarnamn og passord til DataverseNO Review Curator.
- Logg inn på dataverse.no som Review Curator. Du må vera logga ut som vanleg kurator, eller bruka eit inkognito-vindauge. Bruk innloggingsalternativet Other Options – Username/Email, og logg inn.
- Gå til denne samlinga: https://dataverse.no/dataverse/review(NB! Samlinga er ikkje publisert/skal ikkje publiserast.)
- Opprett det anonymiserte datasettet (sjå meir info nedanfor), la vera å publisera det, og lag ein førehandsvisings-URL (sjå Lesetilgang til upublisert datasett), som du kan dela med forskar. Når du er ferdig, log ut som Review Curator.
- Slik anonymiserer du datasettet (når du er logga inn som Review Curator):
- Sørg for at det ikkje ligg att informasjon om forfattar i metadataskjemaet, dvs. at du anten fjernar identifiserande informasjon eller legg inn «Anon.» i dei felta som må anonymiserast: Author(Name), Contact (Name osb.), Producer (Name osb.) og ev. andre felt som inneheld informasjon som kan identifisera forfattaren. I standard metadataskjemaet i Review-samlinga er «Anon.» allereie lagt inn i slike felt.
- Du bør også sørgja for at forfattarnamn og annan identifiserande informasjon er erstatta med «Anon.» i ReadMe-fila.
- Identifiserande informasjon må også fjernast frå filmetadata til alle filene. Her er ei oppskriftpå korleis du fjernar slik informasjon frå Microsoft Office-dokument. Bruk hjelpesider og informasjon på nettet for å gjera det same i andre typar dokument. Ved spørsmål, ta kontakt med DataverseNO.
- Det er dette nye, anonymiserte datasettet som så kan delastmed redaktør, som regel via ein førehandsvisings-URL (sjå Lesetilgang til upublisert datasett).
- Men NB!Når artikkelen er blitt akseptert, er det det opphavlege datasettet som forskaren har oppretta, som skal publiserast, og kurator skal då sletta det anonymiserte datasettet. Derfor er det viktig at forskaren heilt frå starten bruker ein anonymisert referanse (inkl. DOI) til det opphavlege datasettet i publikasjonen.