Author Archives: Philipp Conzett

DataverseNO er CoreTrustSeal-sertifisert

DataverseNO fekk 26. mars melding om at CoreTrustSeal-styret hadde godkjent søknaden vår om CoreTrustSeal-sertifisering. CoreTrustSeal er eit kvalitetsstempel på berekraftige og pålitelege forskingsdataarkiv.

DataverseNO (https://dataverse.no) er eit nasjonalt, generisk arkiv for opne forskingsdata som per i dag er teke i bruk av 9 universitet og høgskular, og sertifiseringa gjeld for alle institusjonssamlingane i arkivet.

— Dette er ein milepæl for DataverseNO, og vi er veldig glade for å kunna tilby eit sertifisert arkiv til våre partnarinstitusjonar, seier Johanne Raade, bibliotekdirektør på UiT Noregs arktiske universitet og styreleiar for DataverseNO.

Gjennom CoreTrustSeal-sertifiseringa skal dataarkiv dokumentera at dei oppfyller ei rekkje krav til både teknisk infrastruktur, forvaltningsmodell og -rutinar. Det er i alt 15 kvalifikasjonskrav som inngår i CoreTrustSeal-sertifiseringa, og DataverseNO oppfyller 14 av dei på det høgaste nivået («The guideline has been fully implemented in the repository»). Som eit ledd i sertifiseringsarbeidet har vi utvikla eit omfattande sett med retningsliner for arkivet, DataverseNO Policy Framework.

Vi ser fram til å fortsetja det gode arbeidet i DataverseNO saman med partnarinstitusjonane og å vidareutvikla arkivet, slik at vi heile tida kan tilby norske forskarar ein infrastruktur som skal gjera det enkelt for dei å dela forskingsdata som er så FAIR som mogleg.

Presentasjonar frå European Dataverse Workshop 2020

Presentasjonane frå European Dataverse Workshop 2020 er no publiserte i eit nytt nummer av Septentrio Conference Series: https://doi.org/10.7557/scs.2020.2.

 

European Dataverse Workshop 2020

UiT Noregs arktiske universitet skal arrangera ein Dataverse-workshop 23.-24. januar 2020. Meir informasjon finn du her: https://site.uit.no/dataverseno/european-dataverse-workshop-2020/.

 

Kurs for kursleiarar i FAIR forskingsdatakuratering

RDA i Noreg og UiT Noregs arktiske universitet skal arrangera eit kurs for kursleiarar i FAIR forskingsdatakuratering.

Dato: 20.-21. januar 2020
Stad: UiT, Tromsø

Meir informasjon finn du på RDA i Noreg si nettside.

Vi tilrår dette kurset for alle som kuraterer forskingsdata (i DataverseNO).

Set av datoen allereie no!

 

Universitet i Bergen har oppretta sitt eige arkiv for opne forskingsdata i DataverseNO

DataverseNO ønskjer Universitet i Bergen velkome som partnarinstitusjon. Med eige institusjonelt arkiv for opne forskingsdata – UiB Open Research Data – kan UiB no tilby eigne forskarar ein infrastruktur som aukar sjansen for fleire siteringar, gjer forskinga deira meir synleg, og fremjar kompetanse på open vitskap.

Datasett #500 i DataverseNO – gratulasjon til NTNU Open Research Data

DataverseNO har fått sitt datasett #500, og vi gratulerer Carlos Aizprua (NTNU), Cesar Witt (University of Lille), Ståle Johansen (NTNU) og Diego Barba (Petroamazonas), som ble nummer 500 med sin arkivering av datasettet “Replication Data for: Cenozoic stages of forearc evolution following the accretion of a sliver from the Late Cretaceous-Caribbean Large Igneous Province (CLIP): SW Ecuador-NW Peru” – https://doi.org/10.18710/BYZIZX.

 

DataverseNO med i SSHOC

DataverseNO bidreg saman med TROLLing til Social Sciences & Humanities Open Cloud (SSHOC). Meir info her.

 

NMBU – Norges miljø- og biovitenskapelige universitet ny partnerinstitusjon i DataverseNO

UiT ønsker NMBU velkommen som partnerinstitusjon i DataverseNO og ser fram til samarbeidet med en av de ledende forskningsinstitusjonene i Norge om arkivering og tilgjengeliggjøring av åpne forskningsdata i regi av institusjonene.

 

Universitetet i Agder er no med i DataverseNO!

Vi gratulerer Universitetet i Agder med det første datasettet i UiA Open Research Data, og ønskjer dei velkommen som partnarinstitusjon i DataverseNO!