Arkiver og publiser dataa dine

Før du arkiverer dataa dine i DataverseNO (inkl. dei ulike samlingane, t.d. UiT-samlinga, TROLLing, osb.), tilrår vi at du les den følgjande rettleiinga på korleis ein opprettar eit datasett og lastar opp data til arkivet. For meir informasjon om forskingsdatahandtering kontakt forskarstøtta på institusjonen din.

Ved å bruka DataverseNO stadfester du samtidig at du har lese og godkjenner DataverseNO Deposit Agreement.

Steg 1: Oppretta ein brukarkonto / logga inn



Brukarar frå norske forskingsinstitusjonar



Dersom institusjonen din tilbyr Feide-autentisering, bør du logga inn med Feide.
Dersom institusjonen din ikkje tilbyr Feide-autentisering, bør du logga inn med ORCID.

    • Logga inn med Feide: Gå til DataverseNO, og klikk på Log In (i hjørnet øvst til høgre). Til høgre for Your Institution, vel Feide – Norwegian educational institutions, og klikk på Continue. Ved første gongs innlogging blir du spurd om å godkjenna at Feide/Dataporten sender vidare brukarinformasjon om deg, og når du har godkjent denne førespurnaden, så blir det oppretta ein brukarkonto til deg i DataverseNO-arkivet.

      NB! Dersom institusjonen din ikkje er lista opp i innloggingsmenyen, så kan du be IT-brukarstøtta på institusjonen din om å aktivera Feide-/Dataporten-innlogging for DataverseNO.

      Etter innlogging vil du få arkiveringstilgang i DataverseNO. Viss institusjonen din er medlem av DataverseNO, har du arkiveringstilgang til institusjonssamlinga til institusjonen din. Viss institusjonen din ikkje er medlem av DataverseNO, har du arkiveringstilgang til toppsamlinga i DataverseNO. Dersom du ikkje har arkiveringstilgang til nokon av samlingane, ta kontakt med DataverseNO-teamet på support@dataverse.no.
  • Logga inn med ORCID: Gå til DataverseNO, og klikk på Log In (i hjørnet øvst til høgre). Under Other options, vel ORCID, og klikk på Create or Connect your ORCID. Logg inn med ditt ORCID-brukarnamn og passord. Dersom du ikkje har nokon ORCID-konto frå før, kan du oppretta ein ved å klikka på Register now. Sørg for at du bruker institusjons-e-postadressa di, elles vil du ikkje få automatisk arkiveringstilgang i DataverseNO.

    Når du har logga inn, klikk på brukarnamnet ditt øvst til høgre, vel Account Information, og klick på knappen Send Verification Email. Du får då tilsendt ein e-post der du blir beden om å verifisera e-post adressa di. Dersom du har valt institusjons-e-postadressa di, vil du etter verifiseringa få arkiveringstilgang i DataverseNO. Viss institusjonen din er medlem av DataverseNO, har du arkiveringstilgang til institusjonssamlinga til institusjonen din. Viss institusjonen din ikkje er medlem av DataverseNO, har du arkiveringstilgang til toppsamlinga i DataverseNO. Dersom du ikkje har arkiveringstilgang til nokon av samlingane, ta kontakt med DataverseNO-teamet på support@dataverse.no.

Andre brukarar



Dersom du ikkje er tilknytt nokon norsk forskingsinstitusjon, kan du velja mellom innloggingsalternativa nedanfor. Med unntak av TROLLing er det berre forskarar frå norske forskingsinstitusjonar og internasjonale samarbeidspartnarar som kan få arkiveringstilgang til DataverseNO.

    • Logga inn med eduGAIN: Gå til DataverseNO, og klikk på Log In (i hjørnet øvst til høgre). Under for Other options, vel eduGAIN, og klikk på Log in with eduGAIN. Vel Internasjonale påloggingstilbydere, søk opp landet ditt og namnet på institusjonen din, og klikk på Hald fram / Fortsett. Logg inn med ditt institusjonspassord og -brukarnamn.

      NB! Dersom institusjonen din ikkje er lista opp i innloggingsmenyen, så kan du be IT-brukarstøtta på institusjonen din om å aktivera eduGAIN-innlogging for DataverseNO.

      Etter innlogging har du fått oppretta ein DataverseNO-brukarkonto, men du har ikkje arkiveringstilgang enno. Ved å fylla ut og senda inn dette skjemaet kan du søkja om å få tildelt arkiveringstilgang. Du vil som regel få eit svar på søknaden din i løpet av tre arbeidsdagar. Dersom du har spørsmål, ta kontakt med DataverseNO-teamet på support@dataverse.no.
  • Logga inn med ORCID: Gå til DataverseNO, og klikk på Log In (i hjørnet øvst til høgre). Under for Other options, vel ORCID, og klikk på Create or Connect your ORCID. Logg inn med ditt ORCID-brukarnamn og passord. Dersom du ikkje har nokon ORCID-konto frå før, kan du oppretta ein ved å klikka på Register now.

    Etter innlogging har du fått oppretta ein DataverseNO-brukarkonto, men du har ikkje arkiveringstilgang enno. Ved å fylla ut og senda inn dette skjemaet kan du søkja om å få tildelt arkiveringstilgang. Du vil som regel få eit svar på søknaden din i løpet av tre arbeidsdagar. Dersom du har spørsmål, ta kontakt med DataverseNO-teamet på support@dataverse.no.

Steg 2: Arkivera dataa dine


Oppretta eit datasettutkast


  • Når du har logga inn på DataverseNO (sjå steg 1), vel samlinga der du skal arkivera dataa dine:
    • Dersom du er tilsett eller student ved (eller på annan måte tilknytt) ein DataverseNO-partnarinstitusjon, vel den aktuelle institusjonssamlinga (t.d. UiT-samlinga).
    • Dersom du er språkvitar/lingvist og har fått tilgang til TROLLing, så vel du TROLLing (https://trolling.uit.no/).
    • Alle andre brukarar skal velja toppnivåsamlinga (DataverseNO).
  • Når du er i rett samling, kan du oppretta eit datasettutkast ved å klikka på Add Data-knappen på høgresida, og velja New Dataset. Add Data-knappen er ikkje synleg dersom du ikkje er i rett samling.
  • Dersom du ønskjer å testa ut arkivering i DataverseNO, kan du bruka sandkassa vår på demo.dataverse.no.

Leggja inn metadata

Når du plasserer markøren over feltnamna, får du opp ein hjelpetekst med meir informasjon om dei ulike metadatafelta. Her er ei kort oversikt over nokre av felta:

  • Title:
    • Legg inn eit namn på datasettet ditt.
    • Dersom data er brukt i ein publikasjon, kan du bruka tittelen på publikasjonen, og klikka på Add “Replication Data for” to Title. I staden for «Replication Data for: » kan du også bruka «Background Data for: «, «Supporting Data for: » eller eit liknande tillegg.
  • Author:
    • I feltet Name kan du leita opp namn på forfattar gjennom oppkopling til Open Researcher and Contributor ID (ORCID). Skriv inn / Start å skriva inn namnet (minst tre bokstavar), og vel rett forfattar frå resultatlista. Dersom namnet ikkje dukkar opp med ein tilknytt ORCID, tilrår vi at du opprettar ein ORCID. Dersom namnet dukkar opp med ein tilknytt ORCID, men namneforma ikkje er korrekt eller slik du vil den skal vera, tilrår vi at du oppdaterer namnet på ORCID-profilen din. Når du har oppretta eller oppdatert ORCID-en din, kan du på nytt leita opp namnet ditt i feltet Author – Name. Dersom du ikkje ønskjer å bruka ORCID, kan du leggja inn namnet manuelt. Det gjer du ved å skriva inn heile namnet i invertert form, t.d. «Einstein, Albert», og så vel du dette namnet slik det dukkar opp øvst på resultatlista, rett under søkjefeltet.
    • I feltet Affiliation kan du leita opp namnet på institusjonen din gjennom oppkopling til Research Organization Registry (ROR). Dersom namnet på institusjonen din ikkje dukkar opp med ein tilknytt ROR-ID, tilrår vi at du ber institusjonen din om å oppretta ein slik ID. Dersom namnet dukkar opp med ein tilknytt ROD-ID, men namneforma ikkje er korrekt, tilrår vi at du ber institusjonen din om å oppdatera ROR-innførsla. Alternativt kan du leggja inn namnet manuelt. Det gjer du ved å skriva inn heile namnet, t.d. «University of Nowhere», og så vel du dette namnet slik det dukkar opp øvst på resultatlista, rett under søkjefeltet.
    • Dersom du har lagt inn forfattarnamn manuelt, tilrår vi at du også legg inn identifikator manuelt. I så fall vel du rett type i feltet Identifier Type (t.d. ORCID), og legg inn identifikatoren i feltet Identifier. For ORCID bør du leggja inn den fullstendige URL-en, t.d. «https://orcid.org/0000-0001-0002-0003».
  • Contact:
    • Legg inn ei kontakt-e-postadresse. Legg også inn namnet på kontaktpersonen eller forskingsgruppa/-institusjonen.
  • Description:
    • Legg inn ein beskrivelse av dataa du skal arkivera. Unngå bruk av visse HTML-kodar eller andre spesialteikn (t.d. [ eller ]). Dersom du treng å laga mellomrom mellom to avsnitt, kan du leggja til HTML-taggane <p> og </p> rundt kvart avsnitt.
    • Dersom det er relevant, legg inn informasjon om datainnsamling og metode her.
    • Du kan også leggja inn samandraget du har brukt i ein eventuell publikasjon. Dette samandraget skal då leggjast inn i eit separat “Description”-felt, som du kan få opp ved å klikka på plussteiknet på høgresida. NB! Dersom artikkelen din er send inn til vurdering, men ikkje har blitt godkjend (enno), så må du IKKJE føra opp namnet på tidsskriftet (eller forlaget).
  • Keyword:
    • Her skal du leggja inn nøkkelord som beskriv datasettet ditt, som t.d. fagområde (t.d. morphology eller zoology) og statistiske eller andre metodar.
    • Bruk eit eige felt for kvart nøkkelord. Klikk på plussteiknet for å leggja til fleire nøkkelord.
    • Felta Vocabulary og Vocabulary URL er ikkje obligatoriske og kan stå tomme.
  • Related Publication:
    • Dersom filene du arkiverer, er grunnlagsdata for ein publikasjon, bør du leggja inn ein referanse til publikasjonen her.
      • I feltet Relation Type vel du Is Supplement To.
      • I feltet Citation limer du inn den fullstendige referansen til publikasjonen, inkl. URL-en, som regel heilt til slutt.
      • I feltet Identifier Type vel du kva slags type identifikator publikasjonen har. Ofte vil det vera DOI.
      • I feltet Identifier limer du inn sjølve identifikatoren, t.d. «10.123455/12345» (for DOI).
      • I feltet URL limer du inn heile URL til identifikatoren, t.d. «https://doi.org/10.123455/12345» (for DOI).
    • NB! Dersom manuset ditt er sendt inn til vurdering, men ikkje har blitt godkjent enno, så må du IKKJE føra opp namnet på tidsskriftet eller forlaget. I staden kan du berre skriva «Submitted for review» eller liknande.
    • NB! Dersom artikkel- eller bokmanuset ditt blir fagfellevurdert i ein såkalla «double-blind review» (både forfattar og fagfelle er anonyme), så må du leggja inn beskjed om dette i feltet Related Publication. Dette for at kuratorane skal kunna hjelpa deg å anonymisera datasettet.
    • (Når ein legg inn fleire publikasjonar, så vil berre den første synast på oversiktssida til datasettet. Dersom du ikkje vil framheva berre den eine publikasjonen på denne måten, så kan du leggja inn den følgjande teksten i det første feltet: «Click Metadata tab below to see related publication(s).» Denne teksten vil då vera synleg, og for å få sjå dei faktiske publikasjonane må brukarar klikka på Metadata-fana.)
  • Depositor og Deposit Date:
    • Desse felta er førehandsutfylt, og skal ikkje endrast. Deposit Date viser til når datasettet er blitt oppretta i arkivet.

Stadfesta/spesifisera datalisens og kreditering

I Terms-fana kan du definera ein lisens eller bruksvilkår for datasettet ditt. I tråd med dei nasjonale lisensvettreglane (sjå side 40 i NFR-utgreiinga Hvordan skal vi dele forskningsdata?) tilrår vi å leggja så få restriksjonar som mogleg på gjenbruk av data. Vil tilrår derfor Creative Commons Zero (CC0) som lisens for gjenbruk av data i DataverseNO med mindre du må forholda deg til lisensar eller bruksvilkår for kjelder du har brukt som ikkje gjer det mogleg å velja CC0 for dine deriverte data. CC0 mogleggjer maksimal gjenbruk og gjev størst synlegheit, men inneber også at det ikkje ligg nokon juridiske restriksjonar på gjenbruk av dataa dine. Men som det også står i Terms-fana, så føreset vanleg akademisk skikk og grunnleggjande forskingsetiske prinsipp at bruk av data blir kreditert gjennom tilvising. Dersom CC0-lisensen ikkje passar for dine data, kan du velja ein annan standardlisens frå nedtrekksmenyen i feltet License/Data Use Agreement i Terms-fana. Dersom ingen av desse standardslisensane passar for datasettet ditt, ta kontakt med brukarstøtta på institusjonen din.


Lasta opp filer


  • Før du lastar opp dataa dine, bør du sørgja for at du har lagra og dokumentert dei etter beste praksis. Sjå avsnittet Førebu dataa dine i arkiveringsguiden vår.
  • Eit datasett må ikkje innehalda meir enn 300 filer. Viss du treng å arkivera fleire filer, kan du velja blant desse alternativa:
    • Pakka inn filene i éi eller fleire (maks. 300) pakkefiler.
    • Dela datasettet opp i fleire (del)datasett.
  • NB! Dersom datasettet ditt inneheld mange filer, kan det vera lurt at ReadMe-fila hamnar øvst i lista over filer. For å få dette til kan du leggja til eit nulltal i starten av filnamnet, t.d. «0_ReadMe.txt».
  • Pakkefiler bør handterast etter desse tilrådingane:
    • Bruk berre pakkefiler av typen / med filutvidingane .zip eller .tar (ikkje bruk .7z, tar.gz, .rar, osb.).
    • Det bør ikkje vera pakkefiler inni pakkefila.
    • Ikkje bruk komprimering, men vel «Lagre» under «Kompresjonsnivå».
    • Filene (inkl. pakkefila) må ikkje vera krypterte.
  • Det er i utgangspunktet inga øvre grense for kor stort eit datasett i DataverseNO kan vera, men nedanfor er det sett opp nokre råd og framgangsmåtar for å handsama store filer. Følgjande råd, grenser og framgangsmåtar gjeld for enkeltfiler, opplastingar og datasett:
    • Storleiken på individuelle filer bør ikkje overstiga 100 GB. Store filer kan skapa problem for andre når det gjeld nedlasting og gjenbruk av data.
    • Ei opplasting av fil(er) bør ikkje overstiga 200 GB av omsyn til problemfri overføring av data.
  • Dersom du ikkje får lasta opp filene dine etter tilrådingane ovanfor, eller dersom datasettet ditt er større enn 200 GB, ta kontakt med brukarstøtta på institusjonen din for meir informasjon om opplasting.
  • Når du er klar til å lasta opp filene dine, klikkar du på Files-fana, og så på knappen Upload Files til høgre.
  • Dersom du berre skal lasta opp enkeltfiler, klikkar du på knappen Select Files to Add, og vel filene på datamaskinen eller serverområdet ditt. Du kan velja fleire filer samtidig ved å bruka skift + piltastane, eller Ctrl + museklikk. I staden for å klikka på Select Files to Add kan du òg dra filene inn på området der det står Drag and drop files here. Når du har lasta opp alle filene, klikkar du på Save Dataset. Då blir datasettet ditt lagra som utkast.
  • Dersom filene dine er organiserte i mapper (og undermapper) og du ønskjer å ta vare på denne mappestrukturen i datasettet ditt, så klikkar du på Upload a Folder. Deretter klikkar du på Select a Directory. Her vel du den mappa som inneheld mappene og filene som du ønskjer å lasta opp. Her er eit eksempel:MyData
    |– Folder01
    |– Folder02
    |– 0_README.txtDersom du ønskjer å lasta opp fila 0_README.txt og mappene Folder01, Folder02, som begge inneheld filer, så lastar du opp mappa MyData. Når du vel denne mappa, vil du i opplastingsvindauget ikkje sjå noko innhald. Det øvste nivået i mappa, dvs. mappenamnet MyData, vil ikkje bli lasta opp/reflektert i datasettet, berre det som er inni mappa. I eksempelet ovanfor vil altså datasettet ditt i DataverseNO sjå slik ut etter opplasting:|– Folder01
    |– Folder02
    |– 0_README.txtNår du har valt rett mappe, stadfest opplastinga ved å klikka på Last opp / Upload. Filene blir då lista opp, og dersom det ser greitt ut, klikkar du på Start Uploads.NB! Dersom du lastar opp store filer, kan opplastinga ta lang tid. Ikkje lukk opplastingsvindauget før du får opp følgjande stadfesting på grøn bakgrunn: «Upload complete, all files in dataset. Close this window and refresh your dataset page to see the uploaded files.».
  • NB! Dersom du har lasta opp ei mappe for å ta vare på mappestrukturen i datasettet ditt, så må du velja Tree View for sjå mappestrukturen: Klikk på knappen Tree til høgre for Change View på toppen av filoversikta.

Leggja inn meir metadata

Etter at du har oppretta eit datasettutkast, tilrår vi at du legg inn meir informasjon om datasettet. Det vil auka sjansen for at andre gjenfinn dataa dine, og kan tolka og gjenbruka dei på rett måte.

Vel Metadata-fana, og klikk på Add + Edit Metadata-knappen. I den grad det er relevant, tilrår vi at du legg inn informasjon i felta nedanfor. Når du er ferdig, klikkar du på Save Changes-knappen på botnen av sida.

CITATION METADATA

  • Language:
    • Her vel du språket du har brukt til å beskriva dataa dine. Ofte vil det vera engelsk.
  • Contributor:
    • Her bør du kreditera dei som har bidrege til datasettet, også dei som ikkje skal stå som forfattarar. I feltet Type kan du velja kva slags rolle dei har hatt (t.d. Data Collector).
  • Grant Information:
    • NB! Viktig å leggja inn informasjon om eventuell finansiering. Bruk fullt namn på finansiør, t.d. «The Research Council of Norway».
  • Time Period Covered:
    • Kva tidsperiode er dataa ifrå eller handlar om?
  • Date of Collection:
    • Når er dataa blitt samla inn / genererte?
  • Data Type:
    • Kva slags data er det? Hald musepeikaren over spørjeteiknet til høgre for feltnamnet, så får du opp nokre forslag, t.d. survey data, experimental data, observation data.
  • Related Material:
    • Materiale som er relatert til datasettet.
  • Related Datasets:
    • Andre datasett som er relaterte til datasettet. Det kan vera dine eigne eller andre sine datasett. Dersom tilgjengeleg, bruk full referanse, inkl. persistent identifikator (t.d. DOI).
  • Data Sources:
    • Dersom du ikkje sjølv har generert eller samla inn dataa, legg inn informasjon om kjeldene dine her. Det kan t.d. vera eit arkiv, eit korpus eller ei nettside der du har lasta ned dataa. Skriv også kva lisens eller bruksvilkår som gjeld for dei brukte kjeldene. Kuratoren på institusjonen din kan hjelpa deg med dette.

GEOSPATIAL METADATA

Mange datasett er relaterte til ein eller fleire geografiske stader. Dersom du legg inn geografisk informasjon i dette avsnittet, så vil det gjera datasettet ditt meir synleg i søkjetenester som har ein geografisk inngang, t.d. basert på kart. Du kan spesifisera ein geografisk stad under Geographic Coverage, og/eller leggja inn koordinatar under Geographic Bounding Box. Dersom du legg inn koordinatar i Geographic Bounding Box, må du fylla ut alle fire felt. Eit geografisk punkt har same verdien for West Longitude og East Longitude, og same verdien for North Latitude og South Latitude. Ein boks derimot har fire ulike verdiar i desse felta. Verdiane må spesifiserast som desimalgradar. Til dømes har fastlands-Noreg desse verdiane: West Longitude: 4.09; East Longitude: 31.76; North Latitude: 71.38; South Latitude: 57.76. NB! Bruk punktum («.») som desimalteikn, ikkje komma. Verdien for West Longitude må vera mindre enn verdien for East Longitude. Verdien for South Latitude må vera mindre enn verdien for North Latitude.

FAGSPESIFIKK METADATA

I tillegg oppfordrar vi også til å leggja inn fagspesifikke metadata der det er aktuelt. Per i dag finst det tre fagspesifikke metadataskjema i DataverseNO:

  • Social Science and Humanities Metadata
  • Astronomy and Astrophysics Metadata
  • Life Sciences Metadata
  • 3D Objects Metadata

(Dersom nødvendig, spesifisera filembargo)

DataverseNO er eit ope dataarkiv, noko som inneber at alle opplasta filer må vera offentleg tilgjengelege. Dersom det finst gode grunnar, kan du likevel avgrensa tilgangen til filer (med unntak av README-fila) i inntil to år ved å bruka ein embargo. I embargo­perioden vil dei embargo­lagde filene ikkje vera tilgjengelege, men metadata om datasettet og README-fila vil framleis vera synlege og tilgjengelege. Embargoar går automatisk ut på den fastsette sluttdatoen, og etter dette vil filene bli ope tilgjengelege.

Merk: Embargoar skal ikkje brukast for å avgrensa tilgangen til eit datasett som er knytt til ein publikasjon under fagfellevurdering. I staden tilrår vi å samordna publiseringa av datasettet med publiseringa av artikkelen. I slike tilfelle må alle steg i arkiveringa og kurateringsprosessen vera fullførte på førehand, slik at datasettet er i tråd med retningslinene våre og klart for publisering. Dersom fagfellar i samband med vurderinga av publikasjonen treng tilgang til datasettet, ber vi deg om leggja inn ein merknad om dette i feltet Related Publication, slik at det lokale kurateringsteamet kan oppretta ein preview URL til datasettet.

For å leggja embargo på filer, følg desse stega:

  • Last opp fila (sjå steget Lasta opp filer ovanfor).
  • Vel fila ved å kryssa av i boksen til venstre for filnamnet.
  • Klikk på knappen Edit files ovanfor filseksjonen til høgre, og vel Embargo.
  • Bruk kalenderen til å velja sluttdato for embargoen. Maksimal varigheit for ein embargo er to år.
  • Skriv inn ei kort grunngjeving for korfor embargoen er nødvendig.
  • Ver merksam på at filer berre kan embargoleggjast før dei er publiserte.

Ein embargo er i praksis ein lovnad om å gjere dataa opne etter eit fastsett tidspunkt. Derfor kan ikkje brukarar endra lengda på embargoen sjølve etter at datasettet er publisert. Ta kontakt med forskarstøtta på institusjonen din for å retta opp feil eller for å avslutta ein embargo før tida.


Steg 3: Få dataa dine publisert


  • Datasettet er framleis berre eit utkast, og du kan framleis endra eller sletta det. Dersom du ønskjer å gje nokon (t.d. ein samarbeidspartnar eller ein tidsskriftredaktør) tilgang til datasettet før det er publisert, ta kontakt med brukarstøtta på institusjonen din. Sjølv om datasettet er på utkaststadiet, så har det fått ein gyldig DOI, som vil vera den same også når datasettet til slutt blir publisert, men DOI-en vil ikkje bli aktivert og fungera før etter at datasettet er publisert. NB! Dersom det etter kurateringa (sjå nedanfor) viser seg at datasettet ikkje kan publiserast i DataverseNO, så vil datasettutkastet bli sletta og DOI-en vil aldri bli aktivert. Derfor er det viktig at du ikkje bruker datasettreferansen før datasettet er ferdig kuratert og godkjent for publisering i DataverseNO. Meir informasjon om sitering av forskingsdata finn du i avsnittet Referer til dataa dine.
  • Når du har lagt inn alle nødvendige metadataa og lasta opp alle nødvendige filene og er klar til å få datasettet publisert, så klikkar du på Submit for Review-knappen. Du får då ei stadfesting frå DataverseNO om at datasettet er blitt sendt inn til vurdering.
  • Når ein kurator frå institusjonssamlinga di har gått gjennom datasettet, får du beskjed om det eventuelt må gjerast endringar før det kan publiserast. Når datasettet er godkjent og du har gjeve klarsignal til kurator, vil det bli publisert av kurator, og det vil bli ope tilgjengeleg og søkbart på nettet.

Steg 4: Referer til dataa dine


  • Når du har arkivert og publisert dataa dine, kan du og andre referera til dei. Meir informasjon om referering finn du her.

(Steg 5: Revider dataa dine)


  • Det er mogleg å revidera eit datasett etter at det er publisert; såkalla versjonering. Meir informasjon om versjonering finn du her.



For spørsmål, kommentarar eller innspel sjå informasjonssidene til forskarstøtta på institusjonen din.