Vårsemesteret 2015 samarbeidar nordiskmiljøet ved Institutt for språkvitskap og Institutt for kultur og litteratur om eit kurs der studieobjektet er sosiale medium. Første samankomst er i dag, tysdag 6. januar kl. 14.15 i E0.104! Det kjem til å bli både språkvitskaplege og litterære innfallsvinklar og med eit forhåpentlegvis raust innslag av gjesteføredrag. Det er allereie tre vitskapleg tilsette involvert i kurset – Linda Nesby, Åse Mette Johansen og Øystein A. Vangsnes – som alle vil halda førelesingar omkring emne dei er særleg opptekne av.
Vi satsar elles på aktiv deltaking frå studentane! Og det store spørsmålet nett no er: Kor mange blir dei?!
Emneknagg på Twitter og Instagram og ev. andre stader blir #UiTSoMe (ein «hashtag» som ikkje har vore i bruk sidan våren 2012).
– Øystein
