Category Archives: Lærarinnlegg

Innlegg av lærarar på kurset

Nyheitsartikkel!

Marius

Marius, Isabel og Marius – tre media- og dokvitstudentar som har funne vegen til kurset. Foto: Karine Nigar Aarskog

Som nemnt i eit tidlegare innlegg kom det ein journalist frå kunnskapsmagasinet Labyrint på den første samlinga for kurset. Resultatet av det besøket vart publisert på nett i går i form av denne artikkelen. Artig med merksemd – no ventar vi berre på at også UiT-eksterne medium lagar sak om oss! 😉

– Øystein

Første samling – ein mjuk start

Den første samlinga var på alle måtar ein mjuk start der vi aller først kosta på oss å definera kva sosiale medium er for noko – med utgangspunkt i den definisjonen ein finn på snl.no. Vi brukte elles ein god del tid på å presentera oss sjølve og planen vi har lagt for kurset og andre praktisk forhold. Vi er jo tre vitskapleg tilsette som samarbeidar om dette tiltaket: ein litterat og to språkvitarar. Det som elles var veldig kjekt og spennande, var at sjølv om dette i utgangspunktet er eit emne tiltenkt nordiskstudentar, dukka det opp tre studentar som tek ein grad i media- og dokumentasjonsvitskap. (Og viss eg oppfatta det rett, kjem det til å komma endå ein slik seinare.)

Det som også dukka opp på første samling, var ein journalist og ein fotograf frå Labyrint, kunnskapsmagasinet til UiT. Journalisten hadde sendt ein e-post til meg fordi ho ville laga ei sak om sosiale medium, og ho hadde funne namnet mitt på ei liste. Kontakten kom altså heilt uavhengig av kurset, men det var jo då naturleg for meg å be henne komma på første samling, så kunne vi «ta det derifrå» som ein gjerne seier. Det skal bli spennande å sjå kva som kjem ut av det – no har ho jo fått studentar ho kan intervjua også!

bilde-47

Linda Nesby (nr. 2 frå høgre) skisserer nokre kjenneteikn på bloggtekstar. Mobilfoto: Øystein A. Vangsnes

Eit spørsmål som vart drøfta, delvis som eit spørsmål frå journalisten, var om ein kan snakka om blogg som ein eigen sjanger. Mitt spontane svar var at bloggformatet er veldig vidt og variert – og ikkje minst fritt – så eg var skeptisk til om ein kan seia at det er ein eigen sjanger. Men litteraten Linda braut inn og peikte på tre sentrale kjenneteikn på typiske bloggtekstar: Hyppig (‘frequency’), personleg (‘personality’) og kort (‘brevity’).

Som nemnt gjekk vi gjennom planen for kurset, og den omfattar i beste fall opptil fleire gjesteførelesarar (som enno ikkje er på plass). Men dei tre neste gongane kjem eg, Åse Mette og Linda til å halda kvar vår førelesing (i den rekkjefølgja). Neste veke (tysdag 13.) kjem eg til å snakka om talemål og skriftspråk i sosiale medium, altså om korleis grensa mellom munnleg og skriftleg språk blir mindre tydeleg og også om bruk av dialekt i skrift. Eg kjem nok heller ikkje til å motstå freistinga å visa korleis ein nærmast kan driva dialektforsking på nett. Veka etterpå (tysdag 20.) kjem nok Åse Mette til å følgja opp nokre trådar frå mitt føredrag, men også leggja ut nye, når ho skal snakka om «Sosiolingvistisk forsking i sosiale medium: Moglegheiter, utfordringar, eksempel». Linda skal så tysdag 27. januar snakka om forholdet mellom digital og skriftleg litteratur.

Så der har de opptakten! Dersom det er nokon utanfor den registrerte studentgruppa som ønskjer å komma på eit eller fleire av føredraga, går det heilt fint. (Tidspunktet er tysdagar 14.15-16.00 i E0.104.)

Eit av arbeidskrava i kurset er å skriva eit blogginnlegg med utgangspunkt i ei førelesing/føredrag, anten eit resymé eller ein tekst som tek utgangspunkt i emnet og spinn vidare på det. Desse studenttekstane skal publiserast på denne bloggen! Så følgj med!

– Øystein

Då brakar det laus!

Vårsemesteret 2015 samarbeidar nordiskmiljøet ved Institutt for språkvitskap og Institutt for kultur og litteratur om eit kurs der studieobjektet er sosiale medium. Første samankomst er i dag, tysdag 6. januar kl. 14.15 i E0.104! Det kjem til å bli både språkvitskaplege og litterære innfallsvinklar og med eit forhåpentlegvis raust innslag av gjesteføredrag. Det er allereie tre vitskapleg tilsette involvert i kurset – Linda Nesby, Åse Mette Johansen og Øystein A. Vangsnes – som alle vil halda førelesingar omkring emne dei er særleg opptekne av.

Vi satsar elles på aktiv deltaking frå studentane! Og det store spørsmålet nett no er: Kor mange blir dei?!

Emneknagg på Twitter og Instagram og ev. andre stader blir #UiTSoMe (ein «hashtag» som ikkje har vore i bruk sidan våren 2012).

– Øystein