Engelsk språk er noko vi nordmenn blir utsett for kvar dag. På TV, i musikk, på Internett, på produkt vi kjøper, spel vi speler osv. Overalt kan ein sjå eller høyre engelsk. Mens eg sit her og skriv denne teksten treng eg berre å lyfte blikket og det fyrste eg får auge på er orda ”you deserve it” som står skrive på ein boks med leppepomade. Ser eg meg rundt i rommet mitt, finn eg ein haug med annan engelsk tekst på ulike produkt. Til og med eit fleirtal av bøkene mine er engelske. Eit av dei få eksempla eg finn på norsk språk, er dei orda eg sit å skriv no. Vi lever i ei verd der vi er omringa av engelsk, så kva gjer det med språket vårt?
Anne Mette Sunde har undersøkt denne språkpåverknaden i artikkelen sin: ”Inspect kniven i inventoryen min.” Språklig praksis i nytt domene. Her har ho sett nærare på språket til språkbrukarar som er ein del av Counter-Strike-miljøet i Noreg. Counter-Strike: Global offensive (heretter Counter-Strike) er eit dataspel som blir spelt på lag mot andre over Internett, og som i dei fleste andre dataspel er språket i spelet engelsk. Når norske spelarar speler saman, snakkar dei norsk, men som vi skal sjå vidare er det mykje innslag av engelsk i språkbruken deira.
Studien til Sunde byggjer på eit munnleg og eit skriftleg datasett frå samtalar mellom norskspråklege Counter-Strike spelarar, i tillegg til eit intervju gjort med dei same spelarane der dei blei spurt om å kommentere på eigen språkbruk. I studien fann ho ut at dei aller fleste engelske orda brukt i datamaterialet er anten verb eller substantiv. Alt i alt fann ho 60 verbstammar og 72 substantivstammar i datamaterialet:
Dei engelske verba og substantiva blei som regel integrert som leksikalske stammar med norske bøyingsaffiks og funksjonsord lagt til (Sunde 2016: 139), med nokon få unntak. Når verbet sto i infinitiv, presens eller preteritum blei norsk bøyingsaffiks lagt til, eksempelvis defuse, carryer og overextenda. Unntaket var nokon få tilfelle der verb i partisippform beheldt det engelske bøyingsaffikset, som i banned, men i alle tilfelle var det snakk om adjektivisk bøying av verbet (Sunde 2016: 140). Altså blei norske bøyingsaffiks nesten alltid lagt til dei engelske verbstammane som vart sett inn i norsk.
Som sagt fann Sunde 72 substantivstammar i datamaterialet. Engelsk har ikkje genus, men likevel har 38 av substantiva vorte tilordna genus når dei har vorte tatt opp i norsk. Dei resterande substantiva opptrer i former der genus er usynleg, feks. fleirtal (Sunde 2016: 141). Dei fleste substantiva (74%) i datamaterialet blei tilordna maskulint genus, mens 8% fikk nøytralt genus og 5% fikk vekslande genus. Ingen av substantiva blei tilordna feminint genus. Dette seier Sunde (2016: 142) kan vere fordi informantane sjølv har eit todelt genussystem, men også fordi engelske substantiv svært sjeldan blir tilordna feminint genus i norsk. I likskap med engelske verbstammar, følgjer også engelske substantivstammar norske bøyingsreglar: en smoke, traden, gamesene. Unntaket er substantiv som opptrer i ubunden form fleirtal, for eksempel: games, offers, smokes og maps. I staden for å følgje norske bøyingsreglar beheld dei den engelske fleirtalsmarkøren i nesten alle tilfelle (Sunde 2016: 144).
Som ei førebels oppsummering kan vi seie at dei norsktalande Counter-Strike spelarane har betydeleg innslag av engelsk i språket sitt når dei snakkar til kvarandre mens dei spelar. Dei aller fleste engelske orda som vart tatt inn i språket deira er anten verb eller substantiv, og som oftast vert dei bøygde etter norske bøyingsreglar (med nokon få unntak). Som Sunde skriv: ”Norsk er et tydelig matrisespråk mens engelsk bidrar med leksikalske stammer som settes inn i det norske matrisespråket” (2016: 138). Vidare i denne bloggteksten vil eg sjå på den mogelege sosiale tydinga bruken av denne sjargongen har.
Counter-Strike blir på spel nettstaden Steam omtalt som verdas mest populære online-actionspel, med spelarar fra heile verda. Spelet har difor eit stort internasjonalt samfunn av spelarar. Berre førre månad (februar 2017) var det ifølgje spelet sin eigen nettstad over 11 millionar personar som spelte Counter-Strike. Sidan spelet er på engelsk og engelsk er eit av dei mest vanlege språka i verda i dag er det naturleg at det meste av kommunikasjon i dette spelsamfunnet skjer på engelsk. Slik det nok er tilfelle i mange andre spelsamfunn knytte til andre populære dataspel. Ein må altså kunne meistre engelsk for å spele Counter-Strike, og for å vere ein del av det internasjonale spelmiljøet omkring Counter-Strike. Det kan difor vere mogeleg at dei norske spelarane bruker engelske ord fordi dei ynskjer å identifisere seg med og vere ein del av den internasjonale dataspelkulturen.
Sunde har kategorisert dei ulike verb- og substantivstammane i datamaterialet inn i kulturelle lån, kjernelån og etablerte lånord i norsk. Med kulturelle lån referer ho til ord for objekt, aktivitetar og konsept som er nye i lånetakarspråket (i dette tilfelle norsk), som ikkje har fullgode synonyme norske uttrykk, og som dermed blir kopiert og tatt i bruk av praktiske grunnar (for eksempel nade, moneyfuck). I denne samanhengen vil desse orda vere ord og termar knytte til Counter-Strike spelet og som vil være tungvint å oversetje til norsk ettersom det ikkje finst eit fullgodt norsk erstatningsord. Kjernelån referer til ord som erstattar allereie eksisterande ord i lånetakarspråket, og som i større grad enn kulturelle lån kan seiast å vere motivert ut ifrå eit ynske om å assosiere seg med eller uttrykkje tilhøyrsle til eit spesifikt fellesskap, i dette tilfelle det internasjonale Counter-Strike miljøet, for eksempel luck, attention, overtime (Sunde 2016: 153). Med etablerte lånord i norsk viser Sunde til ord som er etablerte i norsk generelt, og som dei fleste av oss kjenner til, eksempelvis mail, cash, gamble (Sunde 2016: 154). Nedanfor kan du sjå ein tabell som viser kva for ein av desse tre kategoriane verb- og substantivstammane hamnar i:
Som vi kan sjå, så hamnar det store fleirtalet (77.3%) av engelske ord brukt av spelarene i kategorien kulturelle lån. 14.4% vert rekna som etablerte lånord i norsk og berre 8.3% av dei engelske orda vert rekna for å vere kjernelån. Altså blir det store fleirtalet av engelske ord tatt inn i språket av spelarane av praktiske omsyn. Dette er også noko som spelarane sjølv fortel i intervjuet som blei gjort med dei. Dei fortel at mange av dei engelske orda som dei bruker er ein del av den internasjonale fagterminologien til Counter-Strike og har vorte brukt av spelarane heilt sidan spelet blei lansert i 1999. Det er difor uproblematisk og praktisk å bruke desse termane, og det ville vore tungvint og upraktisk å skulle omsetje desse til norsk (Sunde 2016: 148).
Sjølv om engelske ord fyrst og fremst vart brukt av praktiske omsyn, tyder ikkje det at engelske ord ikkje også er tatt i bruk for å uttrykkje ein felles identitet og tilhøyrsle til det internasjonale Counter-Strike miljøet. Fleire av dei orda som Sunde reknar som kulturelle lån har fullgode norske termar (men ofte med ei spesiell tyding innanfor Counter-Strike) og kan såleis verte rekna for å ligge ein stad i mellomsjiktet mellom kulturelle lån og kjernelån (Sunde 2016: 155). Så sjølv om majoriteten av engelske ord vart brukt av praktiske omsyn, kan det hende at dei i tillegg blir brukt (ubevisst?) av spelarane for å uttrykkje tilhøyrsle med det internasjonale Counter-Strike miljøet. Det er jo faktisk slik at dei er nøydd til å meistre engelsk og også den engelske terminologien brukt i Counter-Strike for i det heile tatt å kunne spele spelet.
Referansar:
Sunde, A. M. (2016). Inspect kniven i inventoryen min.” Språklig praksis i nytt domene.” Norsk Lingvistisk Tidsskrift, 34, 133-160. Hentet fra http://ojs.novus.no