Skrevet av Marthe Fivelstad, bachelorstudent ved institutt for arktisk og marin biologi.
Då eg skulle søkje praksisplass fell tankane fort på å søkje til Norsk Polarinstitutt. Polarinstituttet driver med forsking og miljørådgiving knytt til områder rundt Arktis og Antarktis. Noko eg synest er veldig spennande og gjerne kunne ha tenkt meg å jobbe med «når eg blir stor». Polområda står ovanfor mange utfordringar med klimaendringar, forureining, ressursutnytting og andre menneskelege påverknadar. For å kunne minimere og handtere utfordringane på best mogleg måte i tråd med nasjonale og internasjonale miljømål, er det er viktig å ha eit godt kunnskapsgrunnlag.
Her har Polarinstituttet ei sentral rolle då dei er eit rådgivande direktorat under Klima- og miljødepartementet. Det vil seie at Polarinstituttet syt for vitskapleg kunnskap gjennom forsking, kartlegging og miljøovervaking, og gir faglege råd til norske myndigheiter på bakgrunn av dette. Klima- og miljødepartementet gir rammer og oppdrag til sine etatar gjennom tildelingsbrev og hovudinstruks innanfor tema som kulturminne og kulturmiljø, naturmangfald, friluftsliv, klima, forureining og polare område. Norsk Polarinstitutt har både faste årlege oppdrag/ansvarsområde som systemet Miljøovervaking på Svalbard og Jan Mayen (MOSJ). Og dei gir råd for eksempel når regjeringa no foreslår å begynne med mineralutvinning på havbotnen. Polarinstituttet har då komme med høyringssvar som ein kan lese på nettsida her.
Eg starta mi praksisperiode i januar innanfor seksjonen for miljørådgiving (SMIR). I denne seksjonen jobbar dei med forvaltingsplanar for norske havområder, miljøovervakning Svalbard og Jan Mayen, Miljøstatus i Noreg (bidragsytar), og internasjonale forvalting og rådgivande samarbeid som Arktisk råd, Antarktistraktaten og norsk-russisk miljøvernkommisjon. Arbeidsoppgåvene mine har vore å bidra med tekst og tilbakemelding på miljøindikatorane på nettsida mosj.no og på ein rapport om kunnskapsgrunnlag for nedre Adventdalen. Mosj.no er ei nettside med informasjon om dei forskjellege miljø- og klimaindikatorane som blir brukt for å vurdere tilstanden til naturen og klimaet på Svalbard og Jan Mayen. Rapporten om nedre Adventdalen omhandlar kva artar ein kan finne i området, i kva grad desse blir påverka av menneskeleg aktivitet og om området burde vurderast å bli verneområde. Visste du til dømes at det er heile 89 forskjellege fugleartar som er observert i Adventdalen?
Dette er ein fin måte å lære meir om korleis forsking blir brukt i forvaltinga og Polarinstituttet si rolle som både forskingsinstitutt og rådgivande direktorat for Klima- og miljødepartementet.
Dei første dagane i praksis har vore veldig bra. Eg og Marianne (som også tek BIO-2014) har blitt veldig godt teken i mot av hyggelege kollegaer. Vi har fått omvising, eigne kontor, mykje informasjon om Polarinstituttet og helst på mange av dei som jobbar her. Det er eit veldig bra miljø blant dei tilsette her. Ni-kaffe og felles lunsjpausar gir moglegheit for mange interessante samtalar. Det er bra både for trivsel og nettverksbygging med tanke på moglegheiter for å finne eit tema til masteroppgåve og kanskje jobb etter ein er ferdig utdanna.
Eg ser fram til fleire kjekke og lærerike dagar hjå Polarinstituttet!